Husa og Ryland!!

Postet av Florø Sportsklubb Fotball den 6. Mai 2024

No er påska redda!

(23.03.2024 Tekst Kai-Frode Magnussen Foto Cecilia Molander) 

Florø SK Fotball er veldig fornøyd med at klubblegenda Christer Husa er den nye treneren for a-laget. Og ikkje nok med det. Han skal gjere det i tospann med Kristoffer Ryland.

Kunnskapen og erfaringen dei to har frå toppfotballen er heilt unik og den har vi virkelig ønska skal komme klubben til gode. Difor er det veldig gledelig at dei tar trenerjobben.

Samtidig vil vi takke Frode Nybø for jobben han har gjort med unge laget i vinter. Tilbakemeldinga frå spelarane på det som har vært gjort i oppkjøringa har vært oppsiktsvekkande gode. Så vi veit at det unge Florø laget virkelig har hatt tre gode månadar under ledelse av Frode i vinter.

Vi håper jo sjølvsagt at den lokale dreininga skal få fleire folk tilbake på stadion

Firdaposten har skrive ein flott artikkel om dei to.

Florø, Florø Fotball | Husa blir ny florøtrenar: – No er vi det lokale laget alle har spurt etter (firdaposten.no)