Brune drakter

Postet av Florø Sportsklubb Fotball den 6. Mai 2024

Brune drakter

Lissepasning #12

(07.03.2024 Tekst: Knut Magnussen)

Smaken er som baken: Delt på midten, og ikkje alle syntes dei gamle brune draktene til FSK var spesielt pene. Men likevel: Fotballdrakter handlar om identitet, og mange var derfor svært lite nøgd med valet då Florø fotball i si tid utan særlege dikkedarar, skrota dei brune draktene sine, og satsa på blå drakter med svarte striper. No kan klubben melde at dei brune draktene er på veg tilbake, i første omgang rett nok berre på bortedraktene, og så får vi håpe og tru at også nostalgikarane er nøgde. 

Då FSK vart skipa gjennom ei samanslåing av klubbane Atgeir og Florø Varg like etter andre verdskrigen, stilte laget i brune drakter, og i den optimismen som naturleg nok rådde etter krigen, var det på ingen måte mangel på folkeleg engasjement rundt klubben. Klubbsongar var viktige, kanskje endå meir då enn no, og for mange klubber er klubbsongane framleis merkevare og identitetsberar. FSK var ikkje noko unntak, og frå barndommen hugsar to av desse songane  som begge referere  til brunfargen på drakta. 

Den eine, som meir eller mindre hadde status som offisiell klubbsong og alltid vart framført på årsfestar (og sjølvsagt også i muntre lag der fotballfolket var samla), var «Brun er skogens hasselnøtt», betre kjend som «Den glade vandrer»

Brun er skogens hasselnøtt

Brun er også jeg, ja også jeg

Bronsebrun det er min venn

akkurat som jeg

/:Holliolli olli olli ei holliolli ei:/

 

Ein annan song som refererte til klubbfargen brunt, var «Brune og hvite», ein omskiven versjon av ein av datidas populærmelodiar, «Bedre og bedre dag for dag»:

Brune og hvite, hvem er det? 

Jo det kan alle sammen se: 

Florø sportsklubbs ballartister, 

alle andre lag de blir kun statister

Hven (hei!) kan vel spille slik som vi?

Ingen, tør jeg si

Å-å-å-å-å-å-å

Det går bedre og bedre FSK!

Så får vi håpe, i det vi snart tek fatt på ein ny sesong, at det blir mange oppturar, anten vi stiller i blåsvarte heimedrakter eller i brune bortedrakter. Og om nokon skulle ha lyst å lære seg dei to klassiske klubbsongane ovanfor er det berre å dure i veg. Songglede er uansett berre bra. Så får vi satse på, som det heitte i ein seinare klubbsong, «Mål, mål og fleire mål»: De brune e i støtet/ det e ei fryd å sjå/Vi e rett og slett de beste/ FSK