Florø Sportsklubb har ny logo

Postet av Florø Sportsklubb Fotball den 6. Mai 2024

Logoen skal nyttast av heile klubben

(03.02.2024) Som ein del av arbeidet med å knytte Florø Sportsklubb, dvs fotball, handball og svømming nærmare, har ein landa på ein felles logo som skal nyttast på draktene på tvers av klubben. Som De sikkert ser har den sitt  utgangspunkt i eksisterande logo, men er litt reinare, har litt færre element, slik at den skal kunne sjå betre ut på draktene. I forbindelse med den nye og flotte logoen har hovedstyret sendt ut følgande beskjed: 

Hei alle sammen

Florø sportsklubb vart stifta 12. juni 1912. I perioden 1929–1945 het laget Florø-Varg. Etter sammenslåing i 1945 med arbeideridrettslaget Atgeir (stiftet i 1931) ble navnet endret til Florø Sportsklubb.
 
Florø sportsklubb har i 2024 1400 medlemmer og er i tal medlemmar Kinn kommune sitt største idrettslag.
Florø sportsklubb består av gruppene Fotball, Handball og Svømming.
 
Klubbens logo har vært tilnærmet lik sidan 1945. Hovedstyret som er klubbens øverste organ har lenge hatt eit ønske om at klubben skal framstå som den samlande klubben vi er. Hovedstyret starta i 2023 arbeidet med å få ein lik logo for heile klubben. Vi nytta A til Å grafisk design og media og eigar Lotta Linden-Nybø til å utarbeide ein nyare og meir brukarvennleg logo.
 
I tillegg til ny logo kjem det og fleire endringar. Heile klubben vil nytte Select som utstyrsleverandør og vi holder i desse dager på med ei ny felles heimeside. Vi i hovedstyret liker den nye logoen og det håper vi at dere gjør og.
 
Sportsleg helsing
Trine Havn
Leiar Florø Sportsklubb